Er det sant at politiet kan sjå at den døde har blitt flytta på, akkurat som på film?
– Svaret er ja! Livor mortis, på norsk kalla dødsflekkar, er samlingar av blodet som ikkje lenger sirkulerer i kroppen. Om nokon døyr på rygg, vil dei få blålege eller raude flekkar på ryggen. Viss ein finn nokon død som ligg på magen, med slike flekkar på ryggen, kan ein ganske raskt forstå at den døde har blitt flytta på, fortel Tor-Håkon.
Er det sant at gravferdsbyrået tappar den døde for blod?
– Svaret er nei! Då tenker du på balsamering, der kjemikaliar erstattar blodet i kroppen gjennom å pumpe for eksempel formalin inn i blodårene. Dette blir ikkje gjort ofte i Noreg, men det skjer oftare og oftare. Balsamering er til for at kroppen og utsjånaden til den døde skal bevarast lengre. Kongen vår, for eksempel, kjem til å bli balsamert, når hans tid kjem, fortel Tor-Håkon.
Er det sant at nokon kan vakne i kista si?
– Svaret er nei. I Noreg har vi heldigvis veldig strenge retningslinjer for både helsepersonell, lege og gravferdsbyrå for å hindre at noko slikt kunne skjedd. Det er berre å slappe heilt av. Både helsepersonell og gravferdsbyrå er hundre prosent sikre. Denne myten stammar frå tider der det kanskje ikkje fanst legar i bygda, og heller ikkje gravferdsbyrå, fortel Tor-Håkon.
Er det mark som et på dei døde nede i grava?
– Svaret er nei, det er sopp og mikroorganismar som jobbar over veldig mange år når temperaturen er over 4 grader. Under denne temperaturen går mikroorganismane i dvale, fortel Tor-Håkon.
Er det sant at dei døde kan lage lyd, som zombiar?
– Svaret er: Nesten! Men det kjem av ein helt naturleg prosess. Gass eller luft er fanga i lungene eller svelget. Når vi løfter eller snur på den døde, kan det komme eit lite sukk, eller eit lågt stønn. Det er rett og slett berre luft som forlet halsen til den som er død, fortel Tor-Håkon.
- Les meir: Tor-Håkon jobbar med døden