Rynkene på elefantar kan fortelje om dei er «høgre-» eller «venstresnabla» | Framtidajunior.no

Rynkene på elefantar kan fortelje om dei er «høgre-» eller «venstresnabla»

VENSTRE- ELLER HØGRESNABLA: Rynkene på hovudet til ein elefant kan fortelje oss om han føretrekkjer å bruke høgre eller venstre side av snabelen. Illustrasjonsfoto: Pixabay
Kva bruker dei snabelen til?

Snabelen til elefantar blir brukt til å føle på ting, og å putte mat og drikke i munnen. Han kan også bli brukt som både dusj og snorkel. Kjelde: Vesle norske leksikon

Menneske er høgre- eller venstrehendte. Til liks er elefantar forskjellige når det gjeld om dei føretrekkjer å bruke høgre eller venstre side av snabelen sin, skriv The Guardian.

No viser forsking at om ein elefant har meir rynker på venstre side av snabelen sin, føretrekkjer han å løfte og skyve ting med snabelen mot venstre.

Årsaka til dette er at rynkene på høgre sida blir utviska. Dette er fordi hovudet oftare er i kontakt med bakken på den sida når elefant brukar venstre side av snabelen.

Om elefanten føretrekkjer å skyve ting til høgre med snabelen er det høgre sida som har mest rynker.

RYNKETE: Huda til elefantar er tjukk, grov og rynkete. Illustrasjonsfoto: Pixabay

 

Kva meiner du?

22 svar

Ein amerikansk tradisjon seier at dersom eit par står under misteltein kan dei kysse kvarandre. Men kva farge er det på bæra til mistelteinen?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir