Libanon: Barn får ikkje gå på skule og fleire er drepne

Konflikten mellom Israel og Hizbollah i Libanon har utvikla seg til krigshandlingar dei siste vekene. Dette har alvorlege følgjer for barn.

Hizbollah
  • Grunnlagt i 1982.
  • Ei islamistrørsle: ei muslimsk gruppe som ønskjer endring i samfunnet.
  • Har våpen og soldatar.
  • Den væpna delen av Hizbollah blir rekna som terrorgruppe av EU.
  • Ein av dei viktigaste politiske aktørane i Libanon.
  • Får stor støtte frå Iran og Syria.
  • Har peika på Israel som sin hovudfiende.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Nyleg blei 3000 menneske i Libanon skada då elektrisk kommunikasjonsutstyr som personsøkarar og walkietalkiar eksploderte.

Hizbollah skulda Israel for å stå bak desse eksplosjonane. Dermed utvikla spenningane seg  til krigshandlingar.

Etter eksplosjonane har det vore daglege rakettangrep i grenseområda mellom Israel og Libanon. Så langt denne veka er fleire hundre menneske drepne, skriv NRK.

Store konsekvensar for barn

Redd Barna-leiar Henriette Westhrin kan fortelje at mange libanesiske familiar med redde barn no er på flukt.

GENERALSEKRETÆR: Henriette Westhrin er øvste leiar i hjelpeorganisasjonen Redd Barna. Foto: Redd Barna.

– I det siste er det også mange barn som har mista livet på grunn av valden.

Krigshandlingane fører også til at skular blir stengt, noko som gjer at nesten 1,5 millionar barn ikkje får undervisninga dei treng.

– Krigshandlingane går også utover israelske barn, særleg barna som bur i nærleiken av grensa til Libanon.

Skular brukt som tilfluktsrom

No har libanesiske myndigheiter gjort skular om til tilfluktsrom, så familiar på flukt kan opphalde seg der, fortel Henriette.

I tillegg har sjukehus no avlyst planlagde operasjonar for å vere klare til å hjelpe skadde.

Redd Barna jobbar med å gi hjelp og støtte til dei flyktande familiane når det kjem til tilfluktsrom og trygge stader, seier Henriette.

Konflikten mellom Hizbollah og Israel går mange år tilbake i tid. Hizbollah har støtta Hamas i Gaza etter terroråtaket mot Israel i oktober i fjor og krigen som følgde etter dette.