FAKTA: Kriminell lågalder i Noreg
- Kriminell lågalder er alderen ein person må ha nådd for å kunne bli dømt til straff om ein gjer noko ulovleg.
- Den kriminelle lågalderen er forskjellig frå land til land.
- I Noreg er denne grensa 15 år.
- Fram til straffelova vart endra i 1987, var den kriminelle lågalderen i Noreg 14 år.
- På 1800-talet var den kriminelle lågalderen 10 år. I 1896 vart den heva til 14 år.
- Straffbare handlingar kan likevel få konsekvensar for personar under 15 år. Dei kan til dømes bli kalla inn til bekymringssamtale saman med foreldre og saka kan bli overført til barnevernet. Dersom ein person under 15 år er svært rusa, kan politiet ta med seg personen.
- Det er spesielle straffer for personar mellom 15 og 18 år, kalla ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Målet er å hjelpe ungdom vekk frå kriminalitet.
Kjelde: Store Norske Leksikon, Barneombodet og Wikipedia
– Det finst ikkje eit magisk tiltak som gjer at vi blir kvitt all ungdomskriminalitet. Men, eg tenker det er viktig at ein ser både på korleis ein kan førebyggje at fleire blir rekruttert inn i kriminelle miljø, og korleis ein kan unngå at dei som allereie er i desse miljøa held fram med kriminalitet.
Det seier Alma Tokle. Framtida.no møter 15-åringen saman med Sigrun Refsnes (16) på ein benk utanfor Oslo fengsel på Grønland. Dei er begge aktive i Oslo Unge Høgre, og har diskutert mykje kva som kan gjerast med ungdomskriminaliteten i byen, eit tema dei er svært engasjerte i.
Dei to ungdomspolitikarane tar til orde for strengare straff for unge lovbrytarar.
– Det tiltaket vi ser på som mest effektivt for å unngå at folk gjennomfører kriminelle handlingar, er å senke den kriminelle lågalderen, seier Tokle og utdjupar:
– I dag kan i prinsippet ein 14-åring utføre grov kriminalitet utan at det har nokon konsekvensar, fordi ein ikkje kan straffast. Eg meiner at viss du er kapabel til å gjennomføre ei slik handling, så burde du kunne stå inne for konsekvensane av den handlinga også.
– Kjennest veldig utrygt
Alma Tokle har vakse opp på Frogner i Oslo, medan Sigrun Refsnes har vakse opp på Holmlia på austkanten. Ho bur i dag på Hauketo på Søndre Nordstrand. Begge har lagt merke til ei utvikling i ungdomskriminaliteten i byen. Refsnes har ikkje vore redd tidlegare, då kriminaliteten i stor grad har gått ut over personar som sjølv er i kriminelle miljø.
– Men no, etter desse Vipps-rana, har det nesten blitt ein trend å gå på heilt tilfeldige personar på gata. Det er det som gjer at det kjennest veldig utrygt.
Tokle, som bur på vestkanten, skyt inn at ungdomskriminalitet tradisjonelt har blitt sett på som eit austkantproblem, men at det no har spreidd seg til heile byen.
Dei synest det er skummelt å sitje aleine på trikken eller gå ute aleine om kvelden, og tør ikkje ha på hovudtelefonar på t-bana, fordi dei må følgje med på omgjevnadane.
– Ein høyrer jo historier om folk i ungdomskrinsen sin som opplever å bli overfalne, rana og banka på open gate, og då blir det ganske skummelt, seier Tokle. Refsnes synest òg det er skremmande å sjå eigne klassekameratar hamne i kriminelle miljø.