Ylva (11) fekk forfattar til å skriva bok om ADHD

Ylva Kaland Gravdal (11) vil at fleire skal forstå korleis det er å ha ADHD.

ADHD
  • Hos ein person med ADHD fungerer hjernen litt annleis enn det som er mest vanleg. Det er ikkje ein sjukdom.
  • Det er tre typar ADHD: ufokusert ADHD, hyperaktiv ADHD og kombinert type.
Illustrasjon: Øystein Runde, henta frå boka med løyve
  • Ofte har fleire i same familie ADHD.
  • For å finne ut om ein har ADHD, må ein først gå til fastlegen. Fastlegen kan senda folk vidare til ein spesialist hos BUP.
  • Det finst fleire typar medisin som kan hjelpa til med å leva med ADHD.

Kjelde: Vesle Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Då 11-åringen frå Stord fekk vita at ho har ADHD, så ville ho at klassen skulle få vita det.

– Det er fordi at dei skal forstå meir. Dei forstår meir no, og er gode venner.
Ylva synest det er bra å ha ADHD.

– Eg får mykje energi, er kreativ og kjem på idear, seier sjetteklassingen frå Stord.

Men det er ikkje alltid lett å ha ADHD, sjølv om medisinen hjelper.

– Viss det er masse som skjer, så kan eg bli sliten. Når det kjem mange tankar på éin gong så kan eg bli sint eller lei meg, fortel Ylva.

Ho kan òg sova litt dårleg og vera morgongretten. Det er heller ikkje så lett å vera med på fritidsaktivitetar. Det er lett å mista motivasjonen når ein har ADHD.

PAUSE: Ylva Kaland Gravdal (11) synest det er godt å ta seg pausar når ho treng det. Då er det godt å kosa med katten og alle kosedyra ho har. Foto: Svein Olav B. Langåker

Av og til kan Ylva finna på litt sprø ting. Som ein gong mamma Trine fann masse cheerios på golvet i stova.

– Eg visste dei var laga av planter, og vil laga planter av dei, smiler Ylva.

Fekk ein god idé

Ylva er kreativ, og synest kunst og handverk er det kjekkaste faget på skulen. Ho likar å teikna og klippa og lima.

STITCH: Ylva (11) er veldig glad i Disney-figuren Stich frå Lilo & Stitch. Foto: Svein Olav B. Langåker

I fjor kom Ylva på ein god idé. Ho hadde lese bøkene til Øystein Runde om antibiotika og stamceller, og lurte på om han ikkje kunne skriva ei bok om ADHD.

Mora hennar, Trine Kaland, er naturfaglærar. Ho kjenner Øystein Runde og tok kontakt.

Viktig støtte

TEIKNAR OG SKRIV: Øystein Runde har teikna og skrive mange faktabøker. No er han klar med boka ADHD. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Eg hadde eigentleg aldri tenkt på det, seier forfattaren.

– Å laga ei bok om ADHD som var direkte til tiåringar, var ein kjempegod idé.

– Kor viktig har hjelpa frå Ylva og mora hennar Trine vore?

– Dei har vore viktige heile vegen. Både som testpublikum, pådrivarar, kjelder til førstehands erfaringar, og entusiastisk heiaklubb på sida, når eg etter kvart forstod at fagfeltet var enormt.

FRÅ BOKA: Forfattar Øystein Runde har teikna inn Ylva fleire stader i boka. Illustrasjon: Øystein Runde, henta frå boka med løyve

– Kven bør lesa boka, tenkjer du?

Barn med ADHD. Og vaksne som omgåast barn med ADHD. Og vaksne som lurer på om dei har ADHD, eller som tenker at ADHD ikkje finst!

Ylva er kjempenøgd med boka.

– Det er veldig kjekt å sjå kor bra boka har blitt, seier ho. No håpar ho fleire vil forstå korleis det er å ha ADHD.

3 tips frå Ylva til å ha det godt med ADHD:

  1. Ta deg pausar når du treng det.
  2. Ver glad for at du ha ADHD
  3. Viss du har eit dyr, så kos med det. Eg kosar med katten vår, Arya.