Ny maori-dronning i New Zealand

30. august døydde maori-kongen i New Zealand. Under gravferda blei den 27 år gamle dottera hans krona til ny leiar av urfolket.

Maori
  • Urfolk som bur i New Zealand
  • Kjend for tradisjonell krigsdans kalla haka
  • Kjend for å måla seg sjølv og reiskapen sin
  • Har eige landslag i sporten rugby
  • I New Zealand er det 800 000 maoriar – det utgjer 16 prosent av befolkninga
  • New Zealand er det landet i verda som ligg lengst unna Noreg

Kjelde: Vesle Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Torsdag morgon blei Nga Wai Hono i te Po krona til ny maori-dronning. Det var under faren si gravferd at titusen av menneske hadde samla seg for å ta farvel med kongen og for å ønske den nya monarken velkomen, skriv NRK.

Med stor jubel frå folkehavet sat 27-åringen på ei høg tretrone då ho offisielt blei den andre maori-dronninga gjennom tidene.

NY DRONNING: Nga Wai Hono i te Po er no krona til maori-monark. Foto: New Zealand Government / Office of the Governor-General

18 år på trona

Maori-kongen Tuheitia Pootatu Te Wherowhero sat på trona i 18 år før han i slutten av august fredeleg sovna i inn i etterkant av ein hjarteoperasjon, ifølgje The Guardian.

Kongen arva trona etter mora som var den første kvinnelege maori-monarken.

Kiingitanga

Maori-monarken har ikkje mykje direkte makt, men er viktig for maori-kulturen og fungerer som eit symbol for maoriane sin identitet og samhøyr, skriv NRK.

Maorianes kongerørsle er kalla Kiingitanga. Rørsla blei grunnlagt i 1858 for å samla maoriane under ei felles leiing for å stå imot britisk kolonisering. Kolonisering er mellom anna når ein stat tek makta over ei folkegruppe utanfor staten sine eigne område.