Fryktar spreiing av m-koppar

No har Verdas helseorganisasjon (WHO) erklært utviklinga av sjukdommen m-koppar i Afrika for ei folkehelsekrise som angår heile verda.

M-koppar, som tidlegare blei kalla apekoppar, er eit smittsamt og dødeleg virus som no har hatt utbrot i ei rekke afrikanske land.

Ifølgje UNICEF er viruset mest alvorleg for barn som bur i fattige land som slit med å handtere smitte. Smittetala har vore spesielt høge i det afrikanske landet DR Kongo.

No fryktar WHO at m-koppar skal spreie seg til enda fleire land i Afrika og til andre kontinent, og difor erklærer dei viruset for ei internasjonal folkehelskrise.

Det første tilfellet av m-koppar utanfor Afrika blei oppdaga i Sverige. Det er likevel ikkje grunn til bekymring for stor spreiing av viruset blant nordmenn, meiner Folkehelseinstituttet (FHI).