Khizer (12) meiner kriminelle må prate om kjenslene sine

Khizer frå Oslo høyrer mykje om kriminalitet på nyheitene. Han vil at kriminelle skal få hjelp.

FAKTA: Kriminell lågalder
  • I Noreg er den kriminelle lågalderen 15 år.
  • Det betyr at du ikkje kan bli straffa av politiet eller domstolen viss du gjer noko ulovleg og er yngre enn 15 år. Men det betyr ikkje at det er fritt fram til å gjera noko galt før du fyller 15 – det kan fortsatt få konsekvensar for deg.
  • I England og Wales er den kriminelle lågalderen 10 år.
  • I Skottland og Nederland er grensa 12 år, og i Frankrike 13 år.
LES FAKTALUKK FAKTA

Khizer (12) og faren hans Baddar pratar om viktige ting, som religion, krig og kriminalitet.

– Vi høyrde på ein podkast-episode som heiter «Hvordan bli kriminell?» med Ghulam Abbas. Han var leiar i B-gjengen, men no er han ungdomsarbeidar, seier Khizer.

Takle seg sjølv

I podkasten fortel Ghulam om korleis han gjekk frå å stele godteri til å bli kalla den farlegaste mannen i Noreg. Historia til Ghulam inspirerte Khizer til å skrive.

– Eg skreiv ei historie om ein gut som heiter Jamaal. Han har hatt eit dårleg liv. Mora hans døydde og faren hadde ikkje tid til å vere med Jamaal. Dessutan blei han mobba på skulen. Jamaal blei veldig sint og byrja å slåst, seier han.

Viss nokon hadde tatt seg tid til å hjelpe Jamaal, hadde han ikkje blitt kriminell. Det meiner Khizer.

– Ein må lære å takle kjenslene sine. Viss nokon blir kalla stygge ting eller kjenner seg einsam, hjelper det å ha folk å prate med.

Utanfor

Khizer har ikkje møtt på kriminalitet sjølv. Men han høyrer mykje om kriminalitet på nyheitene.

– På skulen min var det nokre tiendeklassingar som stal frå Rema 1000, då fekk ingen på skulen reise dit lengre, seier han.

– Kvifor trur du dei gjorde det?

– Dei var kanskje usikre på seg sjølv. Nokre prøver å vere ein annan person, når dei går på ungdomsskulen.

Khizer trur det hjelper å ha gratis fritidsklubbar og ungdomsarbeidarar som unge kan prate med.

– Ghulam Abbas har blitt ungdomsarbeidar. Han veit korleis det kjennest å vere utanfor, difor er han god til å prate med barn som har det vondt, seier Khizer.

Les heile teksten til Khizer her!