Historia om Jamaal – og korleis førebygga kriminalitet

Khizer (12) frå Oslo høyrer mykje om kriminalitet på nyheitene. Han har skrive om korleis me kan førebygga kriminalitet.

Det var i 2011 Jamaal budde i Istanbul i Tyrkia med mora og far hans. Han hadde det veldig bra der. Han fekk mange venner, han elska tekken og det best var at familien hans var alltid der for han. Men ein dag skulle alt bli borte.

Mora til Jamaal (Amina) døydde i ei bilulykke. Jamaal hadde bursdag og han fylte 7 år. Det var ei stor byrde å bera for Jamaal. Tre månader seinare vart ting veldig stressande. Pappa til Jamaal (Mahmed) gret heile tida og gav inga tid til Jamaal.

Miljøet i huset vart endå verre. Då Jamaal vart 13 år tok tanta hans med han til Noreg for Mahmed ikkje ville ta vare på han. Jamaal vart veldig skuffa over faren og kjente skam.

Jamaal gjekk på ungdomsskule. Alle saman erta og peika på han fordi han var så tynn og liten. Jamaal følgde aldri med i timane fordi han kunne ikkje kunne stoppa å tenkja på dei sorgfulle tinga som ha skjedd i livet hans. Læraren kjefta alltid på han, og ein gong slo Jamaal læraren i trynet. Jamal fekk mykje kjeft frå rektor og han vart utvist frå skulen i tre veker. Jamaal brydde seg ikkje.

Då han kom tilbake på skulen var det ein feit gut som byrja å filma Jamal og peika på han. Guten kalla Jamaal ein ting som Jamaal hata å bli kalla for. Jamaal vart kalla for pinglete.

Jamaal klikka. Han tok ei stong og slo guten til han vart lam. Mange byrja å jubla på Jamaal. Jamaal vart teken med til rektor sitt kontor. Rektor kjefta på han veldig mykje. Jamaal ignorerte og såg ned på bakken og tenkte på kjensla. Kjensla på å gjera noko sjukt alvorleg var godt meinte Jamaal.

Viss han kunne framleis fortsette sånn vil han få kjensla av makt. Jamaal heldt fram med å gjera små og farlege feil men vart alltid teke på fersken av læraren. Ein dag då Jamaal kom heim tanta blir hatt kasta all tinga hans ut av huset og skreik «du må stoppa å komma i trøbbel!». Jamaal brølte tilbake «det går bra, eg treng ikkje å vera med deg».

Nokre månader seinare budde Jamaal åleine i ein liten stad. Han tenkte at dette skulle vera lagnaden hans. Men då kom han kom med ein plan. Han oppsøkte ein kriminell gjeng. Saman med gjengen gjorde han mange fæle ting som kidnapping, steling, jobba som torpedo og mykje meir. Jamaal fekk ein dag oppdrag om å banka nokon opp. I det Jamaal skulle banka personen opp fekk han flashbackar frå skuletida då alle erta han og det enda opp med å drepa personen. Jamaal fekk fengsel.

Refleksjon

Eg skal reflektera over livet til Jamaal og korleis eit barn kjem i den same dårleg situasjon som han. Jamaal sitt liv var bra, men alt vart borte. Mor hans døydde og då vart livet hans sorgfullt.

Far hans streva med sitt eige liv. Jamaal fekk inga merksemd og vart erta på skulen. Mange barn blir erta for utsjånaden og etnisiteten deira. Viss sånn mobbing skjer, så kan det føra til segregering som fører til stigmatisering. Stigmatisering er at ein ser ned på folk. Det kan også vera klassifisert som kvardagsrasisme.

Barn som har hatt eit dårleg liv som Jamaal har vakse opp med dårleg oppvekst.

Tilbake til Jamaal. Så Jamal kom til Noreg og vart erta på skulen og følgde aldri med i timane. Jamaal vart utvist frå skulen fordi han slo både lærar og elevar. Han fekk ofte kjeft frå rektor og lærarane.

Eg synest at pedagogikk av rektor og lærarane var uakseptabelt. Dei gadd ikkje å snakka med Jamaal og spørja om kvifor han var sånn. Men i staden utviste dei han. Han budde åleine og då oppsøkte han ein kriminellgjeng fordi han trong makt. Han hadde ingen pengar, ingen venner og folk var rasistiske mot han. Alle har sikkert mangla noko i livet deira. Nokon tenker det medan nokon prøver å finn snarvegen til suksess. Mesteparten parten av snarvegane til suksess er ulovlege og Jamaal valde snarvegen. Eg meiner at det er dårleg idé. Jamaal var uheldig som hamna i fengsel. Det Jamal eigentleg mangla i livet var ein å snakka open med. Lærarane brydde seg lite. Nokre barn har oppvekst i dårleg miljø og har ofte mangla ein å snakka med. Slik var det med Jamaal og det var veldig trist.

Korleis førebygga kriminalitet?

Det første er å jamna ut sosiale forskjellar. Dei sosiale forskjellane eg skal snakka om er økonomi og fritidstilbod. Det betyr at barna har mat, underhaldning, pengar og barna kan dra på ferie. Barna har fritidstilbod som gratis fritidsaktivitetar og fritidsklubbar etter skulen.

Skulane skal ha god pedagogikk. Foreldre på bry seg om barna sine. Alle barn skal ha tilgang til alt dette elles så blir dei erta som kan gjera dei ukomfortabel.

For å forhindra segregering så må alle akseptera til andre etnisitetar og andre religionar. Då vil alle andre gjera det same mot deg.

Alle barn burde ha ein fadder på skulen som barna kan snakka open med. Barn som veks opp med veldig dårleg oppvekst får store sinneproblem. Nokre gonger blir barna verbal sinte som er at ein banner mykje og har høg stemme. Medan nokon er fysiske sinte som er at dei skaper vald.

Med så mykje sinne byrjar barn eller ungdommar med å gjera mykje slåssing og ulovlege ting. Derfor er det best for barna å dra på noko gruppeterapi for sine sinne problem. Der lærer ein å ta ting roleg og snakka om kjenslene sine.

Politiet må snakka oftare med barna. Ungdomsarbeidar må også snakka med barna som har opplevd det same i livet.

Eg håpar alt dette lærer deg noko.