Aktivistar demonstrerte mot norsk olje i London

Søndag var aktivistar samla utanfor til demonstrasjon mot oljefeltet Rosebank.

Det norske oljeselskapet Equinor skal byggja ut oljefeltet Rosebank. Feltet ligg utanfor Storbritannia og er det største oljefeltet i Nordsjøen som ikkje er bygd ut.

Motstand i England

Prosjektet er godkjent og planlegg å starta opp i år 2026, men har møtt mykje motstand frå klimaaktivistar.

Før selskapet Equinor si generalforsamling var aktivistar samla for å protestera mot det nye oljefeltet både i London, Oslo og Stavanger, der møtet vart halde.

Søndag var demonstrantar samla utanfor den norske ambassaden i London, der representantane for Noreg i Storbritannia jobbar.

Motstand i Stavanger

Britiske Lauren MacDonald reiste til Equinor i Stavanger for å demonstrera mot prosjektet, noko ho òg gjorde i fjor.

– Me vil verkeleg ikkje at Equinor skal drilla på Rosebank. Difor vel me no å ta kampen mot Equinor og den norske stat. Det har gått for langt no, sa ho i eit intervju med NRK.

Equinor forstår

Til NRK seier ein representant for Equinor at dei jobbar med å kutte utsleppa frå olje- og gassproduksjon. Dei planlegg òg å satsa meir på fornybar energi.

– Me synest det er bra med ein levande debatt om energi og klima. Me har forståing for at mange er utolmodige, og det er vi også, seier talsperson til pressa Ola Morten Aanestad.