Gråfin Tærte er 787 år og han kan fly

Les den utrulege historia om den utrulege helten Gråfin Tærte av Eldrid Utgaard i 6. klasse ved Lesja skule. Fantasihistoria hennar er ein av vinnarane av skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les!

Gråfin Tærte er ein mann som alltid stiller opp. Han fekk blant anna medalje frå kongen i 1325 for å stille opp på det meste, ha eit stort potensial og motivere alle.

Han kan løfte 67 maur! Det er det ikkje mange som kan. Han liker gråstein og tæla tyting. Han har ei svært sjeldan kraft. Han kan lage verdas beste terte ved hjelp av 5 kokkar (han held oppe motivasjonen). Han likar å fiske breiflabb og blobbfisk.

Han er singel, og han er på Tinder mykje av tida. Han er 787 år og han kan fly. Han flyg ved hjelp av eit fly. Han er oljetestar, som vil seie at han smakar på olje og kjenner om den er ekte.

Han er tannlaus og kan berre prate mandarin. Han bur aleine i skogen i eit tre. Han har fire fingrar på den eine handa og seks på den andre, han mista to av fingrane sine fordi han åt dei opp i eit forsøk på å overleve då han fall ned i utedoen sin. Han levde nede i utedoen i 96 år og luktar enno. Han identifiserer seg som eit bjørnedyr. Han går som oftast på alle tre.

Han har vore gift 53 gongar med 72 forskjellige folk – både kvinner, menn, gutar og jenter i alle aldrar. Det er mykje innavl i slekta has, han er innavl sjølv også. Han vaskar seg med myrvatn og brukar mose som svamp.

Han har sitt eige merke der han sel shampo og balsam. Dei er heimelaga og merket er kalla Gråfinfyfasanspesial. Han lagar det av fiskeslo, sennep, fluger og gulp. Ingrediensane blir blanda saman med hans eigne hender.

Han har alltid på seg dei same kleda. Han brukar eit strutteskørt og eit korsett. Han er ein helt.

Han betyr så mykje for så mange. Han har laga verdshistorie. Han er eit idol for mange, og han betyr mykje for mange. Han kjem til å bli hugsa i lang tid framover. Han er ein helt fordi han er så omsorgsfull, snill, påliteleg, sterk, smart og flink til alt.

 

Bidraget blei kåra til eit av dei beste i skrivekonkurransen om heltar i regi av Foreningen Les! og Framtida Junior i samband med Tid for ti-aksjonen.