Italiensk øy gir vekk geiter

Ordføraren på den italienske øya Alicudi gir vekk geiter til dei som vil ta dei inn, etter at antal geiter er blitt seks gonger så mange som folk på øya.

– Vi vil ikkje eingong vurdere å avlive dyra, så vi støttar ideen om å gi dei vekk, seier ordførar Riccardo Gullo til The Guardian.

Alicudi ligg ein to til tre timars båttur frå fastlandet Sicilia.

«Adopter ei geit»

Øya har omtrent 100 innbyggarar, men over 600 geiter. Initiativet «adoptere ei geit» vert sett på som den beste måten å handtere problemet på.

Kven som helst kan komme med ein førespurnad om ei geit. Det treng ikkje å vere ein bonde, og det er ingen avgrensingar på antal geiter ein kan adoptere.

Problem i mange år

Ein reknar at geiter først vart frakta til Alicudi for 20 år sidan av nokon som ville avle dyra. Men planen vart ikkje noko av og geitene vart overlatne til seg sjølv. Problema med den veksande bestanden vart først teke opp av tidlegare rådmann Paolo Lo Cascio i 2008.

– Alicudi er ei veldig komplisert øy, først må du få tilgang til den og deretter prøve å fange alle geiter. Det burde vore et inngrep for 10 år sidan, seier Cascio.

Fristen for å komme med ein førespurnad om ei geit eller fleire er sett til 10. april.

Denne saka vart først publisert på Framtida, som er søsteravisa til Framtida junior.