Verdas største cruiseskip la frå kai

Skipet Icon of the Seas reiste på sin første tur 27. januar.

Verdas største cruiseskip er 365 meter langt, har 20 dekk og er eigd av Royal Caribbean Group. Skipet har sju svømmebasseng og plass til 7 600 passasjerar.

På laurdag la det frå kai i Miami på sin første tur, skriv BBC. Den første turen tar passasjerane med på ei veke til ulike øyer i Karibia.

Bekymra for metanlekkasje

Skipseigaren Royal Caribbean seier at skipet er 24 prosent meir energieffektivt enn standarden for moderne skip. Grunnen til det, er at skipet går på LNG, som er flytande naturgass. Naturgassen er hovudsakleg metan.

Men miljøvernarar er bekymra. Dei meiner at metangass vil lekke ut i atmosfæren. Direktøren av det maritime programmet i International Council on Clean Transportation (ICCT) Bryan Comer sa til nyheitsbyrået Reuters at LNG slepp ut meir drivhusgass enn olje, og at dette er eit steg i feil retning.