Mange nordmenn gav naudhjelp til Gaza som julegåver

Fleire hjelpeorganisasjonar melder om auke i støtte etter krigen i Gaza braut ut.

– Me har aldri sett det same enorme engasjementet for eit område som me no opplever for Gaza, seier marknads- og innsamlingssjef Grete-Lise Christiansen i Leger Utan Grenser til NRK.

NRK har snakka med fleire av dei største hjelpeorganisasjonane som gir humanitær naudhjelp i Gaza om korleis krigen mellom Hamas og Israel har påverka nordmenn sine gjevarvanar. Palestina og Israel er eit politisk betent tema, både internasjonalt og i Noreg.

– Det er fokus på dei humanitære lidingane og det er det folk donerer til, seier Hege Lilleheil Horsberg i Norsk Folkehjelp til NRK.

– Alle er like mykje verdt

– Folk flest ser at her har ein trakka over nokon grenser som ein ikkje skulle trø over. Det er snakk om menneskeverd, at alle menneske er like mykje verd og at alle har rett på tilgang til helse og så vidare. Det er heilt klart grunnen til at me får så enorm støtte frå folk flest, seier Christiansen i Leger Utan Grenser til NRK.