6. trinn ved Bø skule skreiv seg til topps

6. trinn ved Bø skule vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om menneskerettar.

I konkurranse med fleire hundre elevar frå heile Noreg vann 6. trinn ved Bø skule i Hå kommune på Jæren skrivekonkurransen til Framtida Junior.

Denne veka var Framtida Junior-redaktør Svein Olav B. Langåker på skulen for å overrekkja diplom og premie til dei 78 elevane på 6. trinnet ved skulen. Klassen får 1000 kroner til klassekassen, diplom og tilsendt papirutgåva av Framtida Junior, bokmerke for Lesedigg og fleire bøker.

Juryen skriv dette om vinnarklassen:

«6. trinn ved Bø skule vann skrivekonkurransen til Framtida Junior med mange gode, informative og meiningssterke tekstar med temaet menneskerettar.»

Fleire av dei beste tekstane i skrivekonkurransen blir publisert på Framtidajunior.no dei neste vekene.

Sjå også: Allereie no kan du bli med i den neste skrivekonkurransen på Framtida Junior!