– Urettferdig at maten er så dyr for oss med cøliaki

Prisen på glutenfri mat aukar meir enn for andre matvarer. Rakel Bergine (10) har cøliaki og toler ikkje gluten. Ho har ein klar beskjed til dei som bestemmer.

Fakta om cøliaki
  • ein sjukdom som gjer at ein ikkje toler gluten, eit protein som finst i kveite, rug, bygg og andre kornsortar.
  • viss nokon med cøliaki får i seg gluten, så blir tynntarmen betent, og det blir vanskeleg å få i seg næringsstoff og ein blir slapp og får vondt i magen.
  • 1–2 prosent av alle i Noreg har cøliaki
  • har du cøliaki, så har du det for resten av livet og må unngå gluten.
  • Har du cøliaki, så har du rett på støtte frå NAV for den dyrare maten. I dag er støtta 1024 kroner i månaden for barn og unge mellom 5–30 år.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg synest det er veldig dumt at det er så dyrt å kjøpa glutenfritt, seier Rakel Bergine (10) på 5. trinn ved Ogna skule i Hå kommune på Jæren.

Matprisane har stige for alle, men for personar med cøliaki har prisane stige dobbelt så mykje, melde TV2 før i haust.

Eit glutenfritt brød kan kosta 100 kroner – nesten fire gonger så dyrt som eit vanleg brød.

– Eg synest det er urettferdig at det skal kosta så mykje for oss som ikkje toler gluten, seier Rakel Bergine.

Ber politikarane gjera noko

10-åringen frå Brusand i Hå kommune ønskjer at Stortinget og regjeringa gjer det billegare å kjøpa glutenfri mat for alle dei kring 100.000 menneska i Noreg som har cøliaki.

– Det er ikkje feil å ha cøliaki. Det er heilt normalt, understrekar Rakel Bergine.

Norsk cøliakiforening jobbar både for at glutenfri mat skal bli billegare, og at støtta til dei som har cøliaki skal bli høgare. I 2019 kutta Solberg-regjeringa i støtta.

Ønskjer større utval

Rakel Bergine ønskjer òg at kafear og butikkar og kantina på skulle kunne fått eit større utval av glutenfri mat.

– Det er ofte eit dårleg utval, seier ho. Og når ho er i bursdagsselskap, så tar ho som oftast med seg kake og mat sjølv. Men til vanleg i kvardagen så går det greitt å ha cøliaki, så lenge ho passar på at det ikkje er gluten i maten ho et.

Tips frå Rakel Bergine til deg som ikkje toler gluten

  • Det finst mange gode oppskrifter på glutenfri mat, for eksempel i boka Pappa uten gluten.
  • Toro har mange posar med glutenfri mat.

Rakel Bergine (10) vann skrivekonkurransen til Framtida Junior der ho skriv om kor urettferdig ho synest det er at maten er dyrare for alle som har cøliaki. Les teksten hennar her!