Dersom desse var ordførar, så hadde dei gjort meir for klima og skule

2. og 3. klasse ved Vike Montessoriskule på Vikebukt i Vestnes kommune har klare meiningar.

Elevane ved Vike Montessoriskule har vore med i skrivekonkurransen til Framtida Junior. Dei har klare meiningar om både klima og skule.

Lucas, 7 år:

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg at:

Vi ikkje må bruke så mykje bilane våre.

Og bruke mindre pengar på leiker, for ein treng ikkje så mange.

 

Sertina, 7 år:

Dersom eg var ordførar ein dag ville eg foreslå:

At vi bør bruke mindre bil og fly og heller gå meir.

Og at vi kjøper mindre leiker, for vi har nok.

Og bruke mindre strøm og ta ut kontakta når vi ikkje bruker den.

 

Nelly, 8 år:

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg:

Ha brukt mindre bil,  og sykla og gått meir.

Og eg ville hatt fleire kompostar.

 

Mila, 7 år

Dersom eg var ordførar ein dag ville eg foreslå:

At vi kjører mindre bil og brukar mindre fly.

At vi brukar mindre strøm og tar ut kontakten når vi ikkje brukar den.

 

Odin LV, 7 år

Dersom eg var ordførar i ein dag, ville eg foreslå:

At vi må kaste mindre.

At vi må begynne å gå meir.

At vi må selge ting vi ikkje treng.

 

Lukas, 8 år

Dersom eg var ordførar ville eg foreslå at:

Det var fleire elevar.

Det er fleire vaksne på skulen.

At vi har meir materiell.

At vi har meir lim, viskerler og bøker.