Stranda astronaut tilbake på jorda

Etter 371 dagar i verdsrommet, lenger enn nokon annan amerikanar, er Frank Rubio tilbake på jorda.

For litt over eitt år sidan, 21. september 2022, vart amerikanske Frank Rubio og russiske Sergey Prokopyev og Dmitri Petelin skotne opp i verdsrommet til den internasjonale romstasjonen. Eigentleg skulle dei kome tilbake i mars i år, men på grunn av ein lekkasje på det originale romskipet vart tilbakekomsten utsett, og dei måtte bruke eit anna romskip.

No er heile mannskapet tilbake, etter å ha landa i Kasakhstan 27. september.

Med sine 371 dagar er Frank Rubio den amerikanaren som har vore lengst i verdsrommet. Han har likevel litt att til verdsrekorden til den russiske kosmonauten Valery Polyakov, som i 1994 og 1995 låg i bane rundt jorda i 437 dagar.

Undersøker effekten av å vere lenge i verdsrommet

Sjølv om oppdraget til amerikanaren varte lenger enn planlagt, kan det bli verdifullt for forskarar å undersøke korleis det går med Rubio. Det er ikkje mange som er lenge i verdsrommet, og difor er det interessant å vite kva effektane av slike oppdrag er.

Men før det har Rubio eit klart svar på kva han skal gjere, no når han er tilbake på jorda:

– Det å gi kona mi og ungane mine ein klem er noko av det viktigaste, og det er nok det eg kjem til å fokusere på dei neste dagane, sa han på ein pressekonferanse.

 

Denne saka vart først publisert på Framtida.no, som er søsteravisa til Framtida Junior.