– Eg brukar BUA viss klassen skal på sykkeltur, eller om eg skal på overnattingsturar med skulen, eller på båttur eller hyttetur med vener. Ja, og viss eg vil i skateparken og ikkje har med mitt eige breitt, låner eg triksesykkel i den sjølvbetente BUA, fortel Mustafa.
Stord BUA har nemleg også eit splitter nytt lokale ved skateparken der ein sjølv kan låsa seg inn via ein app.
– Der kan du låna brett, triksesyklar, hjelmar og vern, fortel han.
Artikkelen held fram under bildet.

Foto: Janne Nerheim
Testa brett
Mustafa synest det er fint at alle kan få tak i fritidsutstyr uavhengig av familien sin økonomi.
– BUA gjer at ein får testa ut mange aktivitetar. Første gongen eg testa skateboard var på eit BUA-brett på skulen. Det var kjekt og eg fekk tilbakemelding på at eg var god på det. Det førte til at eg skatar framleis og brukar mykje tid i parken med vener, fortel han.
Sender elevar til BUA
Mustafa sin mamma, Susan Abdallah, er lærar på ungdomsskulen og leiar for Norsk Folkehjelp Sunnhordland.
– Eg sender ofte elevar til BUA. Det er praktisk og lett tilgjengeleg. Det er dyrt å eiga alt av utstyr til alle slags aktivitetar. Eg likar at me kan bruka pengar på andre ting.

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.