NOAH, som kjempar for dyr sine rettar, er sinte på Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har nemleg bestemt at servalen Niño, som i juni var på rømmen utanfor Bergen, skal avlivast. Det får Noah til å reagera kraftig.

Noah tilbaud seg i sommar å finna ei løysing for Niño og sikra plass for servalen på eit redningssenter i Sør-Afrika. I staden har Miljødirektoratet bestemt at servalen skal avlivast, skriv NRK.

Vil redda servalen

– Det finst stader som spesialiserer seg på å ta vare på dyr som Niño, og Noah har no eit konkret samarbeid med ein av desse. At Miljødirektoratet avviser ei praktisk, kostnadsfri og god løysing, er kritikkverdig. Me håpar dei snur i saka, skriv Siri Martinsen, leiar for dyrevernorganisasjonen Noah, i ein e-post til NTB.

Eigaren av dyret, ei ung kvinne, fekk servalen ulovleg importert til Noreg for litt over to år sidan. Etter at han rømde i sommar, vart ho sikta for å ha innført servalen til Noreg.

Det var NTB som fyrst omtala saka.