Første landing på månens sørpol

India vart tysdag førre veke det første landet som har greidd å lande på månens sørpol.

Det gjorde dei med eit ubemanna fartøy.

– Eg vil seie til folk i heile verda, i alle land, at Indias suksessfulle månereise ikkje er Indias aleine. Dette tilhøyrer heile menneskeslekta, sa landets statsminister Narendra Modi etter landinga. Det skriv NRK.

Berre nokre dagar før, 20. august, forsøkte Russland seg på det same, men forsøket vart mislukka då fartøyet krasja inn i månens overflate. India forsøkte òg å lande i 2019, men det gjekk ikkje då. Målet med ekspedisjonen er å utforske sørpolen, som kan ha frose vatn. Det betyr at det kan vere ei moglegheit for den første permanente basen på månen.

Denne saka vart først publisert på Framtida.no, som er søsteravisa til Framtida Junior.