Ny varmerekord på Grønlands innlandsis

Punktet Summit, som er på toppen av innlandsisen, nådde 0 grader 20. juli.

Det vart sett varmerekord på Grønlands innlandsis i juli, skriv Danmarks meterologiske institutt i ei pressemelding.

Middeltemperaturen vart målt til minus 7,3 grader i juli, som er 1,9 grader varmare enn varmerekorden frå 2012. Det er også 4,4 grader varmare enn normaltemperaturen på minus 11,7 grader, skriv NRK.

Tjukk is

Grønlandsisen er verdas nest største innlandsis, og dekkjer omtrent 85 % av Grønlands overflate. Tjukna er for det meste over 2 km og over 3 km på det tjukkaste.

Isen har fått stor merksemd etter at ein i 1990-åra vart klar over kor raskt isen smeltar. Smeltinga vert sett i samanheng med klimaendringane. Sommaren i år har vore den varmaste i dette området sidan målingane starta i 1991.