Saturn har fått status som planeten med flest månar

Det skjedde etter at astronomar oppdaga 62 nye månar som høyrer til Saturn.

To studentar fann først månane i 2019, skriv University of British Columbia i ei pressemelding. Men for å vere heilt sikre på at det var månar, og ikkje asteroidar, måtte astronomane følge objekta over lengre tid. Det har astronomane gjort dei siste to åra.

Ein av dei som har følgt månane, samanliknar arbeidet med å teikne frå prikk til prikk der du til slutt ser eit bilde.

– Men vi har over 100 ulike teikningar på den same sida, og vi veit ikkje kva prikk som høyrer til dei ulike bilda, forklarer astronomen Edward Ashton i pressemeldinga.

Før oppdaginga av dei nye månane, var det Jupiter som var kjent for å ha flest månar. Jupiter har 95 månar.

Men etter at astronomane fann dei nye månane, har Saturn totalt 121 månar. Saturn er derfor den planeten i solsystemet med flest månar. I tillegg er Saturn den første planeten med over 100 månar.

Dei nye månane vil få namn etter gudar i norrøn, inuittisk og keltisk gudelære.