Dyrehage i Miami seier unnskyld for korleis dei behandla kiwifugl

Kiwifuglen Paora blei vist fram i dagslys og klappa.

Gjestane som besøkte Zoo Miami kunne betale 25 amerikanske dollar for å klappe den New Zealandske kiwifuglen Paora, skriv RNZ (Radio New Zealand). Men videoar på nettet av kiwifuglen vekte bekymringar frå folk som var redde for at fuglen vart mishandla. Paora blei mellom anna utsett for sterkt lys, sjølv om fuglen stort sett er aktiv om natta.

Etter at videoane fekk merksemd og underskriftskampanjen «Help Save This Mistreated Kiwi!» fekk tusenvis av underskrifter, kom dyrehagen med ei unnskylding.

«Vi vil ikkje lenger tilby møte med Paora», skreiv dyrehagen.

Zoo Miami planlegg no å bygge ei spesiell innhenging for Paora der publikum kan lære om kiwifuglen utan at han har direkte kontakt med dei.