Meteoritt trefte eit hus i New Jersey

Ingen var heime då den nesten 1 kilo tunge meteoritten fall gjennom taket i byrjinga av mai månad.

Eigaren av huset, Suzy Kop, trudde først nokon hadde kasta ein stein gjennom taket, skriv CBS News. Men då ho tok på steinen, var den varm.

Astronomen Derrick Pitts seier at den om lag 10 centimeter store meteoritten truleg er mellom fire til fem milliardar år gammal.

– Det er svært uvanleg at den treff eit hus og at folk kan plukke den opp. Det har berre skjedd eit par gonger opp gjennom historia, seier Pitts til CBS News.

The College of New Jersey kunne seinare bekrefte at steinen var ein meteoritt frå verdsrommet. Meteroitten har fått namnet «Titusville, NJ».

METEORITT: Fysikkprofessor Nathan Magee undersøker meteoritten. Foto: The College of New Jersey på Facebook