Kjære alle saman, gratulera så masse med dagen! 

Dette er ein spesiell dag, der me alle samlast for å feira Norges fridom, demokratiet me har og det flotte landet vårt, Noreg.  

I dag for 209 år sidan Norge fekk si eiga grunnlov og blei eit sjølvstendig land.

17. mai 1814 samla det seg 112 menn på Eidsvoll for å skriva grunnlova vår.

Det var ingen kvinner som fekk delta på detta møtet og ingen i Nord-Noreg var med for det var for langt å reisa.

I heile 400 år blei Noreg leia av Danmark før me blei gitt vidare til Sverige.

I dag er Noreg er eit rikt, fritt land som eg er takknemleg for å vera ein del av.

Sjølv om me har masse ved landet å vera takknemleg for, har Noreg òg litt å jobba med.

Det er viktig at me alle jobbe saman for å skapa eit land kor alle blir respektert for kven ein er, kor alle kan føla seg trygge, og der me unngår diskriminering og forskjellsbehandling.

Tenk over at alle kan gjer ein forskjell i samfunnet!  Til og med du! Som å vera snille med alle rundt deg, hjelpa andre og inkludera.

Eg er veldig glad for at eg bur i Noreg, og har alle moglegheitene mange andre barn i andre land ikkje har.

Så for å skapa ei betre framtid i Norge må me halda det trygt og godt mellom befolkninga, og ikkje minst passa på den vakre naturen me har.

Men i dag er da jo faktisk ein festdag og viktig å hugsa at 17. mai også handlar om å samla familie og venner, spisa masse is, gå i tog, vaia me flagget og kosa seg dagen lang. Å vera stolt over å vera norsk.

17. mai er ein spesiell dag i Noreg som eg er både glad og takknemleg for å feira med familie og venner. Eg berre elskar å sjå alle dei fine bunadane, dressane og flagga som er overalt i dag.

Uansett korleis du vel å feira i dag håper eg du tar deg tid til å tenka over alt som gjer Noreg til eit så fint land å bu i.

Så eg oppfordra alle til å nyta dagen. La oss skapa mange gode minner i dag.

Gratulera så masse med dagen. Ha ei super feiring.

 

Denne talen vann 1. premie i skrivekonkurransen til Framtida Junior om årets beste 17. maitale!