Kva heiter feiringane?
I jødedommen heiter barn-til-vaksen-seremoniane ulike namn avhengig av kva kjønn du har.
- For jenter heiter det Bat Mitzva, som er hebraisk for dotter av påbod frå Gud.
- For gutar er det Bar Mitzva, som er hebraisk for son av påbod frå Gud.
- For dei som vil ha ein kjønnsnøytral seremoni heiter det B’nai Mitzva. B’nai er fleirtalsforma av Bar, så det kan både bety søner av befaling og barn av påbod frå Gud.
Joanna Zofia Spyra forskar på jødisk historie ved Universitetet i Bergen. Ho fortel at nokre jødiske grupper har begynt å halda kjønnsnøytrale B’nai Mitzva-seremoniar.
– Det er eit veldig godt tiltak som har blitt kjempa fram av LHBTQIA-aktivistar, men hebraisk er eit veldig kjønna språk, det finst ikkje eit nøytralt ord som «dei» eller «hen» i hebraisk, B’nai betyr dei, men det er i hankjønn, fortel Spyra.
Ho seier dei nye seremoniane er ein god start, men at det trengst meir arbeid for å laga meir inkluderande feiringar.
Får velja sjølv
Ho fortel at dei jødiske seremoniane er ulike for kvart barn. Nokre vel å ha store festar med tema, andre vil ha ei mindre samling.
– Det er stor variasjon. For dei meir religiøse er det viktig å læra seg hebraisk og å studera toraen nøye før seremonien, medan dei mindre religiøse kanskje bruker meir tid på å læra om korleis samfunnet fungerer og korleis dei vil betra det, fortel ho.
Gjera godt for samfunnet
Det viktigaste med desse seremoniane er Mitzvaen, som er det hebraiske ordet for påbod og forbod.
Før eit jødisk barn kan ha seremonien sin skal dei gjera eit mitzva-prosjekt, som er ei teneste til samfunnet. Desse prosjekta kan vera å samla inn pengar til gode formål, eller å hjelpa samfunnet på andre måtar.
– Det viktigaste er at ungdommane lærer å gje tilbake til samfunnet, fortel Spyra.