Cuba får hjelp av Russland til å takla matmangel

Cuba kjempar mot den verste økonomiske krisa i landet på fleire tiår.

Som eit resultat av koronaviruspandemien, amerikanske sanksjonar og ein lite effektiv planøkonomi, har produksjonen falle drastisk i det kommunistiske landet. Resultatet er lange køar for å få tak i mat, drivstoff og medisinar. Prisane har auka med 40 prosent berre i fjor. Mange cubanarar har emigrerert, mellom anna til USA.

I februar gav Russland 25 000 tonn kveite til Cuba for å få bukt med matmangelen på øya. Denne månaden møtte Cubas president Miguel Diaz-Canels den russiske oljesjefen Igor Sechin for å snakka om drivstoffmangelen i landet, melder Businesslive.