Ny planet kan vere mogleg å bu på – ligg 31 lysår vekke

Forskarar har funne ein planet som liknar jorda 31 lysår vekke.

Kva er eit lysår?

Eit lysår er lengda lyset kan reise på eit år. Det vil seie at det er eit mål på distanse. Eit lysår er over 9 tusen milliardar, eller 9 billionar, kilometer langt.

LES FAKTALUKK FAKTA

Astronomar er stadig på jakt etter nye planetar som liknar på jorda. Det er nemleg den einaste planeten der vi veit at det er liv.

Blant over 5000 planetar hadde forskarar i fjor funne 24 planetar som vert definert som svært eigna for å bu på, ifølgje Illustrert Vitsenskap.

No kan det vere 25.

Wolf 1069 b

Forskarar har undersøkt ei raud dvergstjerne som er mindre og svakare enn sola. Kring denne stjerna har dei oppdaga ein planet kalla Wolf 1069 b, som ligg 31 lysår unna jorda.

Wolf 1069 b er den sjette næraste planeten me kjenner til, som kan ha forhold som ligg til rette for liv. Det betyr at planeten har fast masse,  ein temperatur som kan leggja til rette for flytande vatn og kan ha ein atmosfære.

– Han krinsar rundt stjerna i løpet av 15,6 dagar i ein avstand som svarar til ein femtandedel av avstanden mellom jorda og sola, forklarar Diana Kossakowski ved Max Planck Institute for Astronomy.

Trass i at planeten er kortare frå stjerna enn jorda er frå sola, får han berre kring 65 prosent av strålekrafta som jorda får frå sola.

I motsetnad til jorda krinsar Wolf 1069 b kring stjerna si med ei side vend innover. Det betyr at halvparten av planeten har evig dag, medan andre halvparten har evig natt.

Planeten kan halde minus 23 grader celsius på dagsida. Dersom det eksisterer ein atmosfære kan det sikra kring 13 grader celsius, slik at vatn ikkje frys til.

Bilete frå filmen E.T. the Extra-Terrestrial frå 1982. Foto: Universal Pictures