Embla (11) møtte statsministeren før ho talte på TV for heile Noreg

I Barnas tale tok Embla Berge Oledòttir (11) frå Bergen opp hat, kjærleik og rasisme. 

Embla sine taletips
  1. Skriv om noko som du brenner for
  2. Ikkje ha ein kjempelang tale. Og ikkje ha ein liten tale. Middels er perfekt.
  3. Sjå opp. Ikkje sjå ned på arket heile tida.
  4. Lær deg talen på førehand, men om du gløymer noko kan du sjå ned på arket.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er ikkje alle som får møtt statsministeren. Eg var ganske nervøs før, så gjekk det heilt fint. Han var veldig snill og eg fekk stilt han dei spørsmåla eg ville stille.

Framtida Junior møter Embla Berge Oledòttir i Oslo.

11-åringen frå Bergen er vald ut av Unicef til å halda Barnas tale på NRK på nyttårsaftan. Det betyr at ho skal tala før både kongen og statsministeren.

NYTTÅRSTALAR: Embla Berge Oledòttir skal halde nyttårstalen for barn på sjølvaste nyttårsaftan før kongen talar.
Foto: Ellen Sandøe, Unicef

– Du er kjempebra

Ho skreiv talen som ei skuleoppgåve. Barn frå heile Noreg kunne sende inn bidrag til konkurransen om å halda Barnas tale. Av over 200 talar var det Embla sin som vart vald ut, difor fekk ho reise til Oslo og Eidsvoll for å spela inn talen som skal sendast på nyttårsaftan.

I talen sin snakkar sjetteklassingen om hat, kjærleik og rasisme, som ho synest er viktig.

– Eg håpar at folk kjem til å byrja respektera folk meir for dei dei er og at dei tenkjer at: «Me er alle forskjellige og det er fint. Ingen kan vera heilt like», seier Embla.

– Eg synest det er viktig å seie at du er pen nok sånn som du er. Kanskje du ikkje er lik alle andre, kanskje du er litt annleis. Men det spelar inga rolle. Du er kjempebra.

TALARAR: Embla Berge Oledòttir fekk møte statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Ellen Sandøe, Unicef

Statsministersamtale

Då Embla snakka med statsminister Jonas Gahr Støre spurde ho kva han synest om at barn har retten til å ytra seg og seie kva dei meiner i Noreg.

– Han sa at han synest det er veldig, veldig fint at barn her i Noreg kan ytra seg og seie kva dei meiner, fordi alle barn sine meiningar er viktige. Like viktige som dei vaksne sine.

Kva tenkjer du om at heile Noreg skal høyra talen din?

– Eg synest det er veldig spanande og veldig gøy, men det er òg litt slik at …

Embla trekk pusten og fortset:

– Veldig mange kjem til å vete kven eg er no, men det går heilt fint og eg gler meg til å sjå det sjølv også, seier Embla, som ikkje er særleg nervøs.

– Eg trur det kjem til å bli gøy og håpar at andre kjem til å få inspirasjon frå talen.

EIDSVOLL: Embla Berge Oledòttir (11) i rommet der grunnlova vår blei laga på Eidsvoll i 1814. Den yngste som var med den gongen kom frå Bergen og var 17 år.
Foto: Ellen Sandøe, Unicef