Sjå kva forskarane oppdaga: – Me vart heilt skjelvne

Forskarane heldt eigentleg på med å satellittmerka makrellstørje – den største tunfisken som finst. Men under speidinga etter den store fisken, fekk dei auge på eit svært uvanleg syn.

Det uvanlege synet viste seg å vera ei havlærskjelpadde! Det er faktisk verdas største havskjelpadde. Og ikkje var den åleine heller – den hadde nemleg med seg eit stort følgje av tropiske kompisar.

– Me vart heilt skjelvne då me såg den eksotiske, nesten to meter lange skapningen i overflata, seier toktleiar Keno Ferter på telefon frå forskingsbåten til Havforskningsinstituttet.

Forskarkollega Otte Bjelland fortel at dei først trudde dei såg ein kval, og så trudde dei at det var haien brugde. Men det var ikkje nokon av desse.

– Medan me nærma oss, kom me innom at det kanskje kunne vera ein månefisk, før me skjønte kva dette var og fekk uti ein GoPro, seier han.

Sjå videoen forskarane tok her: 

Sjeldne gjestar i Noreg

Bjelland fortel at lærskjelpadda og kompis-fiskane er sjeldne gjester her til lands. Dei held seg nemleg som regel i varmare vatn.

– Den er svært sjeldan dokumentert i norsk farvatn. Likevel kan den symja langt på jakt etter manetar, seier han.

Havinstituttet skriv at fiskane som følgjer skjelpadda, truleg er losfisk og tønnefisk. Desse fiskane finner seg ein vert, som mellom anna ein hai eller ei skjelpadde, og så lever dei rundt den.

Då desse fiskane er vanleg vest i Atlanterhavet, trur Havforskingsinstituttet at skjelpadda har kryssa havet for å komma seg til Noreg. Det er litt av ein symjetur, det!

Les også: Kjem du over desse fiskane, må du melda frå