I år 496 fvt innstifta konsulane Sempronius Atratinus og Minucius Augurinus offisielt den romerske julefesten Saturnaliaen, til minne om jordbruksguden Saturn si tid og fruktbarheitsguden som var Jupiters far i tidenes morgon.
Det var ein munter fest, der alle hadde fri og ein samla seg i heimane. Samfunnsnormene blei snudd på hovudet, som gav feiringa eit karnevalsk preg. Festen starta 17. desember, og varte i fleire dagar, fram til vintersolverv, dagen då sola snur og det blir lysare tider. Dei feira at sola igjen skulle skina på markene, og gi liv til det som vaks.
I Saturnaliaen finn me elementa me i dag set slik pris på ved julefeiringa
- Tente lys
- Festemåltid
- Dei gav kvarandre gåver
- Nøtter
- Dadlar og fiken
- Pepperkakemenn
- Den romerske versjonen av mandelen i grauten, der ein heldig innbyggjar fekk kakestykket som inneheldt ei bønne. Hen blei dermed konge for ein kveld.