Framtidajunior Nyhende Boy Pablo får ros for å vere open om psykisk helse
Boy Pablo. Foto: Presse

Boy Pablo får ros for å vere open om psykisk helse

Fleire artistar avlyser konsertar for å ta vare på si psykiske helse. Bransjen meiner meir openheit er viktig.

I starten av november la artisten Musti (21) ut eit Instagram-innlegg der ho avlyste alt framtidig arbeid og konsertar, med bakgrunn i at ho må ta vare på si eiga psykiske helse.

Under ei veke seinare kom eit liknande innlegg frå artisten Boy Pablo (23), der han avlyste den komande Asia-turnéen sin.

Han skriv mellom anna: «Energinivået mitt er veldig lågt og å reise mellom tidssoner når eg slit med insomnia er ikkje noko eg kan utsetje kroppen min for akkurat no.»

– Hadde bestemt seg for å vere ærleg

Tim Dunham jobbar med Boy Pablo, som eigentleg heiter Nicolas Muñoz, i plateselskapet og managementet 777Music. Han fortel i ein e-post til Framtida.no at det er viktig for dei at artistane gjer det som følast rett for dei og deler det dei sjølv ynskjer.

– Me oppmodar til ærlegdom og i dette tilfellet var det lett fordi Nico meiner psykisk helse er viktig å prate om og han har fantastiske, støttande fans.

Han fortel at responsen har vore overveldande positiv og støttande frå både fans og  samarbeidspartnarar.

CREO: – Vanvitig prestasjonsyrke og usikker arbeidssituasjon

Christine Thomassen, nestleiar i Creo. Foto: Creo

I CREO – forbundet for kunst og kultur, er psykisk helse eit viktig tema.

– Kunstnarar, musikarar og artistar har til alle tider hatt ein ganske ekstrem kombinasjon av vanvitige prestasjonsyrke, saman med ein for mange, veldig usikker arbeidssituasjon med dårlege rettar om ein blir sjuk, stort press og at det går ut over andre om ein må avlyse. Det er heilt naturleg at denne gruppa kan ha det tøft psykisk.

Forbundet har teke oppretta tilbod for samtaleterapi, arrangement og markere verdsdagen for psykisk helse.

Internasjonale artistar avlyser

Det er ikkje berre i Noreg artistar kjenner på presset og må avlyse. Internasjonalt er det også fleire store artistar som avlyser konsertar og turnear for å ta vare på si psykiske helse. I juli avlyste Shawn Mendes turnéen sin for å ta vare på si psykiske helse. I september gjorde bandet Wet Leg det same.

Shawn Mendes på Oscar-utdelinga i mars 2022. (Foto: Jordan Strauss/Invision/AP)

– Når ein artist har gått til det skrittet å avlyse, så er det alvor, for det sit langt inne, fortel Thomassen.

Både overfor seg sjølv, publikum og at ein har så stor lojalitet til alle andre som blir rørt av det, til dømes dei som er del av turneen og konsertserien, forklarar ho.

– På eín måte gjer det meg trist fordi det viser at så mange ikkje greier å halde det gåande, samstundes gjer det meg glad fordi det viser at folk tar heile si psykiske helse på alvor.


Bilete av Musti frå ho opptredde under det nasjonale minnearrangementet i Oslo Spektrum, 10 år etter terrorangrepet 22. juli 2011.nFoto: Fredrik Hagen / NTB / POOL

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR