Greta Thunberg droppar klimatoppmøtet | Framtidajunior.no

Greta Thunberg droppar klimatoppmøtet

Greta Thunberg på ein klimastreik i Stockholm 9. september 2022, før valet i Sverige. Foto: Claudio Bresciani/TT News Agency via AP

– COP-ane vert hovudsakleg brukte som ei mogelegheit for leiarar og maktpersonar til å få merksemd ved å bruke mange ulike former for grønvasking.

Det sa Greta Thunberg (19) under eit arrangement i London, i samband med at Klimaboka vert lansert. Det melder The Guardian.

Klimaaktivisten annonserte at ho ikkje kjem til å delta på det komande klimatoppmøtet i Egypt.

Meiner klimatoppmøta ikkje fungerer

Thunberg fortalde at det var fleire årsaker til at ho uteblir, og peika på at rommet for sivilsamfunnet under årets klimatoppmøte er svært avgrensa.

19-åringen meiner klimatoppmøta oppmodar til gradvise endringar, heller enn å endre heile systemet:

– Så som det er, fungerer ikkje COP-ane, med mindre vi brukar dei som ei mogelegheit til å mobilisere, sjølvsagt.


Kva meiner du?

176 svar

Er det greitt å betala seg forbi køen?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir