Mia vil verte verdas beste roadracer – og bevise at jenter kan køyre like fort som gutar

Det kulaste Mia Rusthen (20) visste då ho var liten var å danse ballett, men då ho sette seg på ein motorsykkel for første gong fekk ho ein ny draum. Ho vil vinne VM i roadracing.

Mia Rusthen driv med motorsykkelsporten roadracing, og satsar no internasjonalt for å verte verdas beste.

Det er ikkje mange jenter som gjer det same. Når Mia no køyrer løp i Europa er det 30 utøvarar som stiller til start, men berre to av dei er jenter.

– Eg trur nokon av konkurrentane mine synest det er kult, men nokre synest det er vanskeleg å verte køyrt forbi av ei jente med ein hestehale stikkande ut frå hjelmen, seier Mia.

Kjenner seg tøff på sykkelen

Då Mia vart 14 år gammal var ho med faren sin på motorfestival. Ho hugsar endå bensinlukta, stemninga på bana og lyden av bilar som køyrde forbi. Då faren lurte på om ho ville prøve ein motorstykkel, tenkte ho «kvifor ikkje?».

– Eg har alltid vore den vesle jenta som er bekymra for ting – det å dra til legen synest eg er kjempeskummelt – men eg fann ei meistringskjensle på sykkelen som eg ikkje hadde kjent før. Eg kjente meg tøff.

Når 30 motorsykkel-utøvarar konkurrerer om å vere først over målstreken, lyt ein halde hovudet kaldt slik at ein ikkje krasjar og ein må vere sterk i kroppen. Foto: Privat

I dag susar ho rundt på ein motorsykkel som veg 250 kilo, og ho køyrer fort – heile 200 kilometer i timen.

– Eg vert alltid veldig nervøs rett før starten går, men i mitt hovud betyr det at eg skal gjere noko som betyr noko for meg. Det gjer meg berre meir fokusert på at det er no eg skal prestere.

Jenter kan køyre like fort som gutane

Om Mia fortel andre at ho er roadracer er det nokre som ikkje trur på ho, før dei får sjå eit bilete av ho på motorsykkelen.

Mia drøymer om å bryte ned gamaldagse haldningar som at «motorsport er for menn».

– Eg har eit mål om å nå toppen, men eg vil samstundes vere eit føredøme, og syne at det er mogeleg som kvinne å få det til i motorsport. Eg kan køyre like fort som alle gutane eg køyrer mot.