Stortinget skal heisa regnbogeflagget

Stortinget skal heisa regnbogeflagget i samband med årets Pride-feiring. Det skjer for aller første gong.

Presidentskapet har vedteke at Stortinget skal flagga med regnbogeflagget i tidsrommet mellom 18.–27. juni. Då blir Pride arrangert i hovudstaden vår, Oslo.

Ifølgje NRK, har pressevakta til Stortinget bekrefta flagginga.

– Ein stor siger

Partileiar og stortingsrepresentant for MDG, Une Bastholm seier til NRK at dette er ei skikkeleg gledeleg nyheit.

– Det er ein stor siger for eit mangfaldig samfunn, der alle skal få vera den dei er og utrykkja seg som dei vil, seier Bastholm. 

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here