Tusenfryd ville la kundane betala seg forbi køen – no snur dei

Vile ta 300 kroner ekstra for ekspressbillett. Det likte ikkje nordmenn.

Måndag vart det klart at Tusenfryd-parken utanfor Oslo ville innføra eit eige ekspresspass slik at det er mogleg å gå forbi den vanlege køen, melder NRK.

Prisen for dette skulle vera 300 kroner i tillegg til den vanlege inngangsbilletten på rundt 500 kroner per person.

I utlandet er dette ganske vanleg, men i Noreg har ein ikkje operert med slik praksis før.

Likar det ikkje

– Det er leit å sjå at dei innfører noko slikt i Noreg, sa kulturbyråd i Oslo, Omar Samy Gamal (SV) til NRK måndag.

Han meinte at dette ville vera med på å visa barn kven som har råd til å sleppa kø og kven som ikkje har det.

No har Tusenfryd høyrt på den massive kritikken.

Overraska over negative reaksjonar

Marknadssjef Erik Røhne Andersen bekreftar tysdag til NRK at dei droppar planane om ekspresspassa.

Han fortel at dei har vore overraska over at så mange har reagert negativt.

– Me ville at dette skulle vera eit fint tilbod til nokre få av kundane våre. Men me lyttar til folk og droppar denne ordninga.

– Me ser at barn har ulike føresetnader og økonomiske midlar, men det finst allereie liknande system andre plassar i samfunnet. Men no gjer me retrett. Nordmenn var ikkje klar for dette enda, seier marknadssjefen til NRK.

Er det greitt å betala seg forbi køen?

Er det greitt å betala seg forbi køen?

Ja44
Nei, bør vera likt for alle115
Veit ikkje17
Svar totalt: 176

Les meir om andre sommarparkar her!