Skreiv om fantastisk oppfinning: Teleporteringsmaskina

Anne Hetland (13) frå Gamleveien skole i Egersund kom på 2. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les!

Skrivekonkurranse om oppfinningar

Kring 200 elevar deltok i skrivekonkurransen til Tid for ti-aksjonen, Foreningen Les! og Framtida Junior. Det kom veldig mange fine bidrag, med både tekstar om heilt nye fantastiske oppfinningar – og kjente oppfinnarar gjennom historia.

LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Eg skulle ønske at det fanst ein teleporteringsmaskin. Da kunne du gå inn i ei spesiell dør. Denne er spesiell fordi viss du går gjennom døra kjem du til ein heilt annan plass. Kvart hus skulle hatt ein slik dør. Det hadde jo vore mykje betre for folk, dei hadde komme mykje raskare fram.

Slik er maskinen:

  1. Døra er av metall, døra er ca 1 meter og 20 centimeter brei, og 1 meter og 50 centimeter høg.
  2. Ein slags mobil skulle vore på sida av døra. Du skulle brukt mobilen til å trykka kor du skal.
  3. Når du skulle opna døra, måtte du teikna eit hjarte på døra så kunne du opna døra.
  4. Når du opnar døra, ser du ein slags virvelvind av forskjellige fargar.

Denne maskina hadde vore bra for verda, fordi da hadde det komme mindre CO2-utslepp.