Erling Braut Haaland (21) klar for Manchester City

No er det endeleg klart – Erling Braut Haaland forlet Borossia Dortmund til fordel for Manchester City.

GIF: giphy.com

Etter 2,5 år i det tyske laget Borussia Dortmund, er Erling Braut Haaland no klar for nye eventyr.

Og dei skjer på fotballøya – og i ein av verdas beste klubbar.

Manchester City har bekrefta på nettsidene sine at jærbuen er klar for klubben, og at han set snuten mot England frå 1. juli 2022.

Tidenes dyraste norske fotballspelar

Kva overgangssummen vart, er enno ikkje offentleggjort. TV 2 skriv at dei erfarer at det er snakk om 60 millionar euro. Det er i overkant av 610.000.000 norske kroner, og gjer Braut Haaland til tidenes dyraste norske fotballspelar.

Tidlegare fotballspelar og NRK sin fotballekspert, Carl Erik Torp, omtalar overgangen som den desidert største overgangen av ein norsk spelar.

– Han er den mest ettertrakta spelaren i verda, saman med Mbappé, og det har aldri ein nordmann vore tidlegare, seier han til NRK.