Utfordra Ed Sheeran på TikTok – no har dei lansert låt saman frå krigssona i Ukraina

Medlemmane i det populære ukrainske bandet Antytila tenestegjer i krigen mot Russland. Frå frontlinja har dei spelt inn låt med Ed Sheeran.

Denne saka var første publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Iman Meskini, som har fått plass på den prestisjetunge Forbes-lista.


– Eg er veldig glad for at ein berømt songar støttar ukrainarar. Ed Sheeran, teamet hans og andre forstår at me treng hjelp og støtte for å vinna. Eg er veldig takksam for dette.

Det seier Taras Topolja til britiske BBC.

Topolja er frontfigur og songar i det populære ukrainske bandet Antytila.

Utfordra Ed Sheeran

Då krigen i Ukraina braut ut laut musikarane leggja instrumenta på hylla for å forsvara landet sitt.

I mars gjekk bandet viralt då dei tok til TikTok for å tilby seg å opptre frå frontlinja på ein støttekonsert for Ukraina. Konserten vart arrangert i Birmingham og inkluderte store namn som Ed Sheeran.

@antytila_official Hello @Ed Sheeran, greetings from Kyiv! 🇺🇦 We offer to make a live broadcast between Kyiv and Birmingham with Antytila temporary joining the gig remotely. #antytila #edsheeran #sheeran #ukraine #kyiv ♬ оригінальний звук – Antytila / Антитіла

Konsertarrangørane takka nei fordi gruppa var med i militæret, men teamet til Ed Sheeran tok ballen vidare og føreslo eit samarbeid med Antytila der inntektene går til Ukraina.

Det har resultert i ei nyinnspeling av låten 2step og ein rørande musikkvideo.

Skriven ved frontlinja

I musikkvideoen har Ed Sheeran fått Antytila til å bidra på ukrainsk frå fronten.

Taras Topolja fortel til BBC at han skreiv teksta medan han tenestegjorde som medisinsk personell i Borodjanka.

Området ligg vest for hovudstaden Kyiv og var utsett for store øydeleggingar då det var okkupert av russarane. No har ukrainske troppar teke tilbake området.

Over éin million visningar på eit døgn

Bandet har også filma delar av musikkvideoen ved frontlinja i Kharkiv.

– Me stoppa midt i vegen og song midt i ingenmannsland, fortel Topolja til BBC.

Musikkvideoen fekk på kort tid over 1 million visningar, noko Topolja takka følgjarane sine for:

@antytila_official More than 1 🍋 views on YouTube! World, thanks for your support! Link in bio 🤘🏻 @edsheeran #antytila #2step #edsheeran #kharkiv #ukraine ♬ 2step (feat. Antytila) – Ed Sheeran