Orangutangar brukar slang for å tøffa seg

Orangutangar lærer òg å prata saman på ein spesiell måte i grupper, akkurat som me menneske gjer. Det viser ny forsking.

Orangutangar brukar slang som dei lærer av kvarandre, ifølgje Adriano Lameira, som forskar på orangutangane på Borneo og ei anna øy som heiter Sumatra.

Når det er små grupper med orangutangar som er saman lenge, finner dei på nye måtar å ropa på, skriv Ung.Forskning.no.

Dette skjer ikkje så ofte, men når dei først har funne på eit nytt rop, fortset dei å bruka det lenge, seier Lameria til avisa The Guardian.

Les også: Japanske snøaper har lært seg å fiska

GIF: Giphy.com

Vil visa at dei er rebellar

I større grupper blir orangutangane fort litt bråkete.

– Det verkar som om dei har lyst til å visa fram kvar kule dei er, at dei er rebellar, seier han til The Guardian.

Kva er slang?

Slang er ord og uttrykk som er annleis enn språket ein normalt snakkar. Slanguttrykk er blir ofte brukt for å uttrykka sterke kjensler, og ofte viser det at ein høyrer til ei gruppe.