Dillon (8) sneik boka han laga inn på biblioteket – blei suksessforfattar

Dillon Helbig lurte den heimelaga boka si inn i hylla på biblioteket. No er det 150 folk som ventar på å låna boka. Det betyr at det er 10 års venteliste!

Kva er ein forfattar?

Ein forfattar lagar skriftlege åndsverk. Eit åndsverk er eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk menneskeskapt verk. I dag reknar me som regel forfattarar som dei som får gjeve ut bøker, medan dei som skriv kortare artiklar for aviser og tidsskrift blir rekna som journalistar eller skribentar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Biblioteket har alltid vore ein favorittplass for Dillon og foreldra hans. Dei bur i den amerikanske delstaten Idaho.

– Eg har hatt lyst til å jobba der sidan eg var fem år, fortel Dillon til Framtida Junior.

Mor, Susan Helbig, smiler og nikkar.

FAMILIEN: Susan, Dillon og Alex Helbig synest det er stas med alle tilbakemeldingane dei har fått på boka. Foto: Privat

– Ja, me har vore der sidan han var liten. Me sit gjerne der for å lesa og kosa oss, fortel ho.

Ein dag fekk Dillon ei raud skrivebok frå bestemor si. Den bestemte han seg for å fylla med teikningar og tekst. Då han hadde fylt heile 81 sider, bestemte han seg for å ta boka med på biblioteket.

Eventyrbok

– På framsida av boka skreiv eg «The adventure of Dillon himself», fortel Dillon.

Det betyr «Eventyret av Dillon han sjølv». Han har nemleg valt å bruka seg sjølv som hovudkarakter i historia. Han jobba intenst med skriving og teikning i fire heile dagar for å gjera ferdig boka.

EVENTYR: – På framsida av boka skreiv eg «The adventure of Dillon him self», fortel Dillon. Foto: Alex Hartman, Ada Community Library

– Når han får ein idé stoppar han ikkje før han er ferdig, fortel mamma Susan.

– Eg jobba faktisk med den medan mamma og pappa sov, smiler Dillon.

Sneik boka inn

Men tilbake til dagen då boka hamna i hylla på biblioteket.

– Eg hadde ein plan. Eg heldt handa framføre tittelen på boka, og så sette eg ho i hylla. Då det var gjort, tok eg ned ei anna bok for å skjula at eg hadde sett mi eiga bok i hylla, ler Dillon.

VENTELISTE: No er det 150 folk som ventar på å låna boka Dillon har laga. Foto: Alex Hartman, Ada Community Library

Då han kom heim utan den raude boka, trudde mamma Susan at han hadde gløymt den på biblioteket – så ho ringde for å høyra om dei hadde sett den.

– Dei som jobbar der fann den og dei sa dei elska den. Dei likte ideen så godt – og sjefen tok den med heim til sonen sin. Han synest det var den kjekkaste boka han nokon gong hadde lese, fortel mamma Susan.

Ny bok på gang

No er Dillon i full gang med ei ny bok.

– No er eg ferdig med 53 sider, og denne handlar om eit skap som et jakker. Den er basert på ei sann historie. Dette har faktisk skjedd med meg, fortel Dillon.

– Då han kom heim frå barnehagen mangla det veldig ofte ei jakke – så då tulla me med at skapet i barnehagen et jakker, smiler pappa Alex.

TIDLEG START: – Dillon har laga bøker av ark han har stifta saman sidan har var 5 år. Me har hjelpt han med staving tidlegare, men ikkje denne gongen. No har han klart seg heilt sjølv, fortel pappa Alex. Foto: Alex Hartman, Ada Community Library