Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Isa (13)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Isa Mellblom Theissen frå Oslo.

Er dette første gong du er med i Barnas klimapanel?

Nei, eg var med i 2020 òg.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Plast i havet og utryddingstruga artar.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Bli meir kjent med panelet, og forhåpelegvis gjera ein liten forskjell i Noregs politikk når det gjeld klima og miljø.

Kva likar du å gjera på fritida di?

Eg syng og spelar fiolin, og eg likar å teikna.

Kva er favorittfilmen din?

Eg veit ikkje, men eg liker morosame filmar.

Favorittleiken din?

Mafia.

Ditt favorittspel?

Favoritt-brettspel er nok Catan.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Engasjert og glad i å snakka (sjølv om eg ikkje alltid er kjempegod på det).

Dilemma 1: Ville du eta ei skål med meitemark eller sova med edderkoppar i senga? 

Edderkoppar i senga.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbada kvar dag i ei veike?

Isbada kvar dag i ei veke.