Jordskjelv i Nordsjøen kunne kjennast på heile Vestlandet

Måndag kl. 06.33 vart det registrert eit jordskjelv i Nordsjøen utanfor vestkysten av Noreg. Skjelvet er det kraftigaste sidan 1989.

Forskingsstiftinga Norsar oppgjev at styrken på skjelvet først vart målt til 5,1. I etterkant av dette, har dei nedjustert styrken til 4,7.

Det merkbare skjelvet hadde sitt episenter ein stad mellom Stadt og Færøyane. Geografisk sett var det lokalisert i Norskehavet, om lag 160 kilometer frå Førde. Skjelvet kunne derfor kjennast godt for mange av arbeidarane som er på jobb på oljeplatformane i Nordsjøen. Fleire har meldt om kraftige lydar og vibrasjonar i riggen dei arbeider på.

Norsar skriv også at jordskjelv ikkje er særleg uvanleg i dette området. Men måndagens skjelv var sterkare enn dei aller fleste som har vore registrert der.

Kraftigaste på 33 år

Det var eit uvanleg kraftig jordskjelv. Det vil kjennast i eit veldig stort område, seier Anne Strømmen Lycke, administrerande direktør ved Norsar til NRK.

Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, har oppgitt at dei har målt skjelvet til å vera noko lågare enn det Norsar oppgir. Til NRK seier Berit Marie Storheim, som er senioringeniør ved universitetet, at dei målte skjelvet til mellom 4,4 og 4,6.

Ifølgje VG var det eit jordskjelv med styrkegrad 5,1 i 1989 og eit skjelv på 5,3 i 1988. Slik sett er dette skjelvet det kraftigaste jordskjelvet i Noreg på dei siste 33 åra.