Sand frå Sahara gir raud himmel i Spania

Ein vind frå Sahara har farga store delar av Spania raud. Støvskya er forventa å spreia seg til andre delar av Europa.

Nyleg vakna spanjolar opp til at alt rundt dei var dekt av eit tynt lag med raudt støv. Bilar, tre, fortau og balkongar hadde skifta farge over natta. Då sola stod opp, førte støvet til at himmelen i nokre byar hadde fått ein merkeleg oransje farge.

Støvet var kome heilt frå Sahara-ørkenen i Afrika, og vart frakta over Atlanterhavet med ein sterk vind, skriv News for kids. 

Kvart år stig det ei stor sky med støv opp frå Sahara-ørkenen. Skya blir kalla «Sahara Air Layer», og det er vanleg at ho kryssar Atlanterhavet som ein naturleg del av ein syklus. Men nokre gonger blir støvet tvinga mot nord. Store sandstormar i Nord-Afrika løfter opp sand og støv i lufta, og så bles det av garde mot Spania. Og nettopp dette skjedde no.

Les også: Stonehenge var ein gamal solkalender

Ser ut som ei elv av støv

Sjølv om ein kanskje skulle tru det, er ikkje dette eit uvanleg fenomen i Spania. Dei har faktisk eit eige namn for det – «calima».

Denne calimaen er så stor at det er mogleg å sjå han frå verdsrommet. Ifølgje ein NASA-forskar som studerer vêret i atmosfæren til jorda, ser han ut som ei elv av støv.

Støvet har ført til at luftkvaliteten fleire stader i Spania har vore rekorddårleg, som mellom anna i hovudstaden Madrid. Der anbefalte styresmaktene folk å bruka munnbind og halda vindauga lukka.

Resultatet av sandstormen vil nokre plassar visa seg som litt tåke, medan andre plassar kan han gi veldig fargerike solnedgangar.