Løver og tigrar er evakuert frå Ukraina

Mange engasjerer seg for å hjelpa dyra som sit i fangenskap i Ukraina no. Mellom anna er seks store kattedyr sendt over grensa til Polen.

Seks løver, seks tigrar, to ørkengauper og ein afrikansk villhund vart seint førre veke sendt over grensa frå Kyiv i Ukraina til Polen. Det fortel talskvinna for Poznan Zoo, Malgorzata Chodyla til NTB.

Dyrehagen Poznan Zoo stod bak organiseringa for å få dyra trygt fram til ein ny heim.

Måtte ta store omvegar

Lastebilane med dei store dyra måtte ta store omvegar for å komma fram til Polen, for å unngå krigshandlingane som rasar fleire stader i Ukraina.

På den lange turen, traff sjåførane på russiske stridsvogner. Likevel greidde dei å koma seg fram til den polske grensa.

Reisa enda godt for desse dyra – men framleis er det mange att i Ukraina. Mange av desse treng hjelp.

Dyrepassar Kirilo Trantin trøystar ein elefant i Kiev Zoo i Kyiv, Ukraina, tysdag 1. mars 2022. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Mange fleire treng hjelp

NTB skriv at det bur om lag 4.000 dyr i dyrehagar i Ukraina. Desse er mellom anna elefantar, kamelar og ein gorilla.

I tillegg til dei ville dyra, er det fleire familiedyr som no står i ein vanskeleg situasjon. Her i Noreg er det Mattilsynet som er ansvarleg for å kontrollera dyr som kjem som flyktningar saman med familien sin.

– Mattilsynet vil prøva å leggja til rette for at flyktningane frå Ukraina kan ta med seg familiedyra sine, utan at det skal medføra ein risiko for spreiing av sjukdommar til menneske og dyr i Noreg, skriv dei på heimesida si.