Gabriel Boric leidde dei store studentdemonstrasjonane i Chile for nokre år sidan, og 2021 stilte han til val for å bli landets neste president.
I valet fekk Boric 55,9 prosert av stemmene, mot 44,1 prosent til presidentkandidat José Antonio Kast.
Store endringar
I dag, fredag 11. mars, tek han over som president i landet.
Boric tiltrer som president i ei tid med store endringar i Chile, og i valkampen har han hatt mykje fokus på at han vil kjempe for at skilnaden mellom fattig og rik blir mindre.