Noregs utanriksminister besøkte grensa til Ukraina

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiste til grensa mellom Polen og Ukraina for å vise Noreg si støtte til dei ukrainske flyktningane.

– Eg såg køar med ungar, eldre kvinner og menn. Det var akkurat som skildra, at det er mennene som blir igjen og kjemper for Ukraina, seier ho til NRK.

Mange på flukt

Over 1,2 millionar ukrainarar har kryssa grensa til Polen. Huitfeldt seier Noreg først og fremst vil bidra med pengar, for det er mange som donerer ting det ikkje nødvendigvis er behov for.

– Og viss det skal bli sendt til dømes medisinar, så må det vera basert på kva som er behova her og i Ukraina, seier utanriksministeren.