Vil fiska opp fleire milliardar kråkebollar langs kysten

Forskarar og miljøorganisasjonar vil starta ein stor dugnad for å fiska ut fleire milliardar kråkebollar.

80 milliardar kråkebollar har ete opp store tareskogar langs kysten, frå Finnmark til Trøndelag.

– Det får store konsekvensar for livet i havet, seier forskar Hartvig Christie i Norsk institutt for vassforsking (NIVA) til NRK.

– Viss me kan få tareskogen tilbake att, vil han kunna ta opp meir enn ein tredel av eitt års CO₂ utslepp frå Noreg, seier Christie.

Fire fine fakta om kråkebollar:

  • Det er 16 kjende kråkebolleartar i det norske farvatnet.
  • Kråkebollar opptrer i mange fargar og formar.
  • Dei vanlegaste kråkebollene ser nærast ut som runde bollar, ofte med kortare eller lengre piggar, og ti radar med plater frå pol til pol der fem av dei er utstyrte med sugeføter. Munnen er på undersida og endetarmsåpningen på toppen.
  • Hoa kan produsera eit stort tal egg på ein gang som blir sleppt ut i vatnet, i nokre tilfelle fleire millionar.