1 av 5 unge svarar at dei er «litt begge delar» på spørsmål om kjønn

Ord som «homo» og «lesbisk» er litt gamaldagse no, meiner forskar.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Ordet «skeiv» passar betre for dagens unge, seier Willy Pedersen til Ung.Forskning.no. Han jobbar ved Universitetet i Oslo og har forska på ungdom i mange år.

Han har følgt med på tala i spørjeundersøkinga Ungdata, der unge mellom anna har vorte spurt om dei ser på seg sjølv som lesbiske eller homofile.

Såg noko nytt

Då Pedersen såg nærare på tala i undersøkinga frå 2021, såg han noko nytt. Éin av fem kryssa nemleg av på «litt begge delar». Dette gjeld både jenter og gutar.

Ungdomsforskaren seier at han trur endringane i ordbruken vil gjera at mange unge vil føla seg friare.

– Det kjennest greitt å vera på leiting, utan at så mykje står på spel.